# Or for deg som ikkje finn ord

> Or for deg som ikkje finn ord (iPhone/iPad app by The KIT as.)

- Source: https://appshunter.io/ios/app/or-for-deg-som-ikkje-finn-ord/id6451195513 (this page in markdown: same URL + `.md`)
- Developer: [The KIT as](https://appshunter.io/developer/1697112014)
- Category: Books, Entertainment
- Price: Free with in-app purchases
- Age rating: 9+
- Requires: iOS 15.6 · 141 MB
- Languages: American English
- Released: 2023-12-12
- Data updated: 2026-09-19
- User reviews in markdown: https://appshunter.io/ios/app/or-for-deg-som-ikkje-finn-ord/id6451195513/reviews.md

## What is Or for deg som ikkje finn ord?

Appen "Or for deg som ikkje finn ord" hjelper deg med ord-mangelen. Endeleg.

Det er rart med det. Det skal noko til for å skildre akkurat det du vil formidle; ei oppleving, ei kjensle, ei lukt, ein smak, ei hending, ein ting. Det er så kjent på mange måtar, så opplagt. Og så står du likevel der og stotrar: “…men, altså … Ah, du skjøner kva eg meiner!” – og slår hjelpelaust ut med armane.

Det kan ikkje vere tvil: Me manglar ord.

Men ikkje nå lenger!

Med “Or for deg som ikkje finn ord” får du endeleg ord for alle desse opplevingane, kjenslene og tinga. Som f.eks. ”Den strålande ideen som kjem like før du sovnar, men som er heilt borte når du vaknar.”

Ja, berre slå det opp. Her får du eit fint, enkelt ord som du kan ta med deg inn i kvardagen din.

– Og på din stad! For orda (orsak, ora) du finn her, finst faktisk allereie! Dei støvar ned i utmarka og døyr ut med gamle folk. Dei heng på skilt, peikande til unnselege, små og større stader, eller dei sirkulerer på folkemunne. Frå folkemunn til folkemunn.

Me tykkjer det er synd at flotte ord som “momoen”, “gjæslingan”, “skoklefall” og “nesoddtangen” skal miste muligheitene for å nå lengre enn berre til skiltet sitt. Så med dette prosjektet kastar me dei inn i språket att i eit gigantisk redningsprosjekt. Bort med støv! Alle fortener ein ny sjanse!

Og det lover me deg: dei kjem til å gjøre mykje meir nytte for seg enn alle slags valium-ord som 'synergi', 'funksjon' og 'prosess'.

– Per Henning & Kjell Inge

Og så til slutt et juridisk "Sola" (sjå oppslag), Apples Standard Terms of Use (EULA): https://www.apple.com/legal/internet-services/itunes/dev/stdeula

## Pricing and in-app purchases

Base price: Free.

**Subscriptions**

| Subscription | Price | Period |
| --- | --- | --- |
| Gje meg heile or-boka | $1.99 | per year |



## Version history (last 5 releases)

### 1.2.2 — 2025-08-27

Sannsynlegvis er me utsette for ein «Memurubu» – me klarer ikkje heilt å hugse kva som var skikkeleg genialt i denne versjonen. Uansett er aldersgrensene akkurat der dei skal vere nå. Kos deg med or-boka!

### 1.2.1 — 2024-10-08

Me knuste eit par kryp i denne nye versjonen, og me likar det. Ikkje heilt ein hulbak, håpar me. Men kanskje.

### 1.2.0 — 2024-04-24

Få haptisk dirr* når du skroller i alfabetlista til høyre. OG! I førre versjon fekk du noko nytt og morosamt både for deg og for oss. Nå kan appen nemleg sende ut og ta imot «push-varslar»!

Ok. Nettoppja. 

Kanskje ikkje noko du ønsker deg; meir mas i kvardagen? Men, vent, venta lite nu, wentalite! 

Av og til kan det absolutt vere fint å få varsel om noko som IKKJE handlar om amerikanske presidentkandidatar, høg rente eller utstemmingskatastrofar i realityshow.

Viss du oppdaterer kan du nå seie jatakk til små helsingar frå oss! Og me kjem mellom anna til å bruke det til å sende ut eit «Or for dagen» ein sporadisk gong innimellom. Noko å smile av eller tenkje over når du står der, ordlaus, mållaus, hendelslaus.

Så derfor: dater appen opp!

Me kjenner oss likevel ikkje som nokon «Snig (m.)» – for tenesta me ber deg om er ikkje stor nok. Synest me.

__
*Haptisk dirr? «Haptic feedback devices create the illusion of substance and force within the virtual world», seier ordlista. Og kven vil vel leve eit virtuelt liv utan stoff og kraft?

### 1.1.0 — 2024-04-09

Støtte for push-varslingar

### 1.0.5 — 2024-01-15

Bedra opplevinga i appen

## More apps by The KIT as

- [Minigolf Log](https://appshunter.io/ios/app/minigolf-log/id1551099255)

All apps by The KIT as: https://appshunter.io/developer/1697112014

---

*Data collected daily from the US App Store and indexed by [AppsHunter](https://appshunter.io/). User reviews are verbatim App Store reviews. Ratings, prices and chart positions refresh continuously; this snapshot is from 2026-09-19.*
